Det var tomt i dag då vi stod opp. Leon og Karina var på god vei til Norge og seks var blitt til fire. Men med rådene til Leon friskt i minnet, burde dette går bra. Første stopp for dagen var planlagt å vere utstillinga til Tim Burton på Cinemateque, ein lang metrotur unna. Etter å ha slengt i oss ein burger til frukost (unnskyld Leon), blei vi plutselig smertelig klar over at vi burde vore litt tidligare ute.

Etter ein samtale med ein av dei som nesten var inne, som hadde stått i 50 minuttar, blei det med tungt hjerte beslutta å skrinlegge heile idèen, og heller bruke vår siste dag til nokke anna enn å stå i kø. Vårt reisefølge tok det ikkje så tungt ettersom dei allerede er begynt å planlegge neste tur til Paris.

Cathrine var på dette punktet fullstendig sultefòra på shopping, nokke som ikkje var så fristande Brage og Siri, så vi fant ut at det var greiast møtast ein gang seinare. Dette muliggjorde mitt obligatoriske møte med Hard Rock Cafè der eg fekk eit nytt bidrag i stikkesamlinga mi. Juhu.

Eit anna kjært mål for meg i dag er å avlegge eit besøk til den nyaste Eplebutikken i verda. Lokasjonen var for meg ikkje kjent, og for å finne den tok eg meg like godt turen innom Virgin Megastore og spurte om vegen. Der inne gjekk det etter kvert inflasjon i uttrykket «Excusez-moi, parlez vous anglais? No? Au revoir.»
Eg fann til slutt ein som nokke motvillig kunne fortelle at den var plassert i eit svært så staselig nabolag på Boulevard Opera.


Turen endte med å vere ein kjempeskuff ettersom utvalget av turkis Macbookdeksel til Cathi og kul skulderveske til meg var heller labert. Vårt reisefølge hadde på dette tidspunktet klokelig forskansa seg i leiligheta, og i god gang med å lade batteria og drikke seg gøye til til kveldens middag, mens eg og Cathi vandra kvilelaust rundt i byens endelause katakomber nede i metroen. Men plutselig dukka det opp eit aldri så lite lyspunkt.
Vel, vel. Paristurens siste middagsmøte er i emning, og skulle vise seg å finne sted på den einaste restauranten vi blei fraråda å ete på (unnskyld igjen Leon). Men ka kan eg sei, den var i fryktelig praktisk gåavstand, og maten var strengt tatt ganske god.
Her fekk Brage endelig sin etterlengta foie gras som forrett, og den smakte fantastisk. Jentene var skikkelig modige og bestilte nokke kjøtt som var rått, mens eg og Brage safa med stekt andebryst. Stemninga var topp, og promillenivået akkurat passe, og middagsmøtet blei effektivt avslutta med at Siri ønska kelneren ein hyggelig kveld på tullefransk.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar