Klokka ringte på ugudelige 06:00, sida det er beslutta at vi må sitte i taxien seinast halv åtte. Morgenfuglane i mestersoverommet kom seg opp en time seinare. I tilfelle det skulle vise seg vanskelig å få tak i taxi, hadde Brage klekka ut ein genial plan som skulle få oss til Charles de Gaulle via to togskift og ein kilometers trakking. Planen blei heldigvis skrinlagt ganske fort, ettersom det kom skrensande ein taxi umiddelbart etter vi satte foten utafor døra. Er det lov å ha så flaks?
Ved skranken blei eg derimot møtt med ein tilnærma ugjennomtrengelig språkbarriere, der hurpa meinte at håret var «Herbes de la province». Enden på visa var at bagetten gjekk i bosset, og Brage trøsta meg med at eg snart er like stor og skummel som han, sida eg tross alt er begynt å svømme jevnlig.
Sjølv om avslutninga på turen kunne vore bedre, har den alt i alt gitt meirsmak. Turen har vore kort og intens, og dette gjer sitt med energinivået, nokke som blei tydelig mot slutten. Kanskje det kan vere greit å sette av litt meir tid neste gang?

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar