Som det går fram i overskrifta, dette var ein svært dårlig idè. Dei flett nye togsettene mellom Bergen og Oslo viser seg å ha blitt stasjonert østpå ein plass, og dermed erstatta med nokke som var nytt og flott då Bobbysox herja hitlistene. Setene var lagd av sadistar, så det blei ikkje blunda meir enn eit par timar til sammen. Brage har ettertrykkelig påpeika at vi måtte vere opplagte i dag, så her må det tyllast kaffi.
Stort meir er det ikkje å gjøre på Gardermoen før innsjekk, så det burde gå bra.
Brage med følge kom dinglande litt før åtte, og opna dermed muligheten til å sjekke inn. Dei hadde nemlig medbrakt ein konvolutt merka «Sven Arild» frå ho mor, som inneholdt forholdsvis essensielle identifikasjonspapir. Turen har vore planlagt i godt vel eit halvt år, men behovet for pass sveiv ikkje hodet mitt før vi hadde entra dei siste 48 timane før avreise. Himmel og jord blei satt i bevegelse, men alt ordna seg snille for mennesker.
Flyet letta ti minutt forsinka, men det går fint. Eg har vindusplass, Cathi jobba med å ta igjen tapt søvn, og reisefølget vårt blei velsigna ein lite reisglad skrikerunge som nabo. Med andre ord; alt vitnar om ein flott tur sørover mot kontinentet.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar