Her er det sommer. Fantastisk vær og middelhavtemperatur. Og med middelhavstemperaturen kommer det tvilsomme moralske kompasset. I ankomsthallen blei vi møtt av en hyggelig mann som ville hjelpe oss med taxi. Nede. Under bygget. I kjelleren.

Vi takka sjølvsagt ja, og endte opp med å betale dobbelt så mykje som Leon hadde stipulert.

Men fram kom vi, og taxien stoppa ikkje før vi stod framfor ei STOR grønn dør, der vi gjorde som instruert; trykke på ringeknappen merka Le Chef.

Som Leon så fint formulerte det; slavery gets things done.
Vel inne fekk vi servert sånne franske bolleting med rosiner og sjokolade, som for øvrig eg forelska meg fullstendig i. Med dei ferdig konsumert gjekk turen innom eit apotek for å kjøpe franske jage-vekk-sjuka-tabletta til Cathi, før kursen blei lagt mot ein matplass som skulle vere billig og bra. Å finne fram skulle vise seg å vere krevande, men med litt kollektivt lagspill viste dette seg å gå heilt fint.

Stedet var sjarmerande, med ein sånn manuell tranchere (?), ei maskin som skjærer opp kjøtt, som stod midt i rommet til full beskuelse. Leon valgte forrett med omhu, og entusiasmen var stor då innehaveren satte i gang å skjære opp kjøtt midt i det lille lokalet. Innehaveren var et kapittel for seg sjøl, og kan beskrivast som en sjarmerande gammal italiener med verdens største utringning.

Det store aberet for kveldet var at lokalet viste seg å vere konvertert frå fransk til italiensk cuisine, nokke som førte til skuffelse for dei fleste. Cathi, Siri og Leon gomla på deigklumpar, mens Brage fekk ein fisk han meinte han ikkje hadde bestilt (menyen var på fransk). Eg og Karina var heldige nok til å velge det einaste på menyen som var godt, og kunne fråtse ihhv. lasagne og Sirloin steak.
Som avslutning for kvelden hadde Leon tenkt å overraske oss med ein tur til Eiffeltårnet by night. Det var eit imponerande skue, og for å toppe det heile har eit klokt hode klekt ut ein plan om å gjøre tårnet om til eit diskotek klokka sju, ti og tolv om kvelden. Det var stilig nok det, men det ga meg litt Elton John-vibbar.

Alt i alt ein super kveld som blei avslutta med whiskey, der Brage prøvde å overbevise oss om at tallsystemet i Danmark er kjempelogisk.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar