onsdag 4. april 2012

Au revoir, Paris


Klokka ringte på ugudelige 06:00, sida det er beslutta at vi må sitte i taxien seinast halv åtte. Morgenfuglane i mestersoverommet kom seg opp en time seinare. I tilfelle det skulle vise seg vanskelig å få tak i taxi, hadde Brage klekka ut ein genial plan som skulle få oss til Charles de Gaulle via to togskift og ein kilometers trakking. Planen blei heldigvis skrinlagt ganske fort, ettersom det kom skrensande ein taxi umiddelbart etter vi satte foten utafor døra. Er det lov å ha så flaks?


Sjølv i Paris var det forsvinnande lite trafikk ein søndags morning, så tjue minutt seinare stod vi på flyplassen med så mykje tid at vi stod i fare for å kjede oss. Innsjekk gjekk som venta knirkefritt og eg fekk endelig lov til å vise passet mitt. Det som ikkje gjekk like knirkefritt var frukostseansen. Cathrine fann eit lite apetittvekkande hår i bagetten, og eg blei nokke motvillig utpeikt til den som skulle kreve ny.


Ved skranken blei eg derimot møtt med ein tilnærma ugjennomtrengelig språkbarriere, der hurpa meinte at håret var «Herbes de la province». Enden på visa var at bagetten gjekk i bosset, og Brage trøsta meg med at eg snart er like stor og skummel som han, sida eg tross alt er begynt å svømme jevnlig.


Sjølv om avslutninga på turen kunne vore bedre, har den alt i alt gitt meirsmak. Turen har vore kort og intens, og dette gjer sitt med energinivået, nokke som blei tydelig mot slutten. Kanskje det kan vere greit å sette av litt meir tid neste gang?



Au revoir, Paris.



tirsdag 3. april 2012

Parlez vous Anglais?


Det var tomt i dag då vi stod opp. Leon og Karina var på god vei til Norge og seks var blitt til fire. Men med rådene til Leon friskt i minnet, burde dette går bra. Første stopp for dagen var planlagt å vere utstillinga til Tim Burton på Cinemateque, ein lang metrotur unna. Etter å ha slengt i oss ein burger til frukost (unnskyld Leon), blei vi plutselig smertelig klar over at vi burde vore litt tidligare ute.


Etter ein samtale med ein av dei som nesten var inne, som hadde stått i 50 minuttar, blei det med tungt hjerte beslutta å skrinlegge heile idèen, og heller bruke vår siste dag til nokke anna enn å stå i kø. Vårt reisefølge tok det ikkje så tungt ettersom dei allerede er begynt å planlegge neste tur til Paris.


Cathrine var på dette punktet fullstendig sultefòra på shopping, nokke som ikkje var så fristande Brage og Siri, så vi fant ut at det var greiast møtast ein gang seinare. Dette muliggjorde mitt obligatoriske møte med Hard Rock Cafè der eg fekk eit nytt bidrag i stikkesamlinga mi. Juhu.


Eit anna kjært mål for meg i dag er å avlegge eit besøk til den nyaste Eplebutikken i verda. Lokasjonen var for meg ikkje kjent, og for å finne den tok eg meg like godt turen innom Virgin Megastore og spurte om vegen. Der inne gjekk det etter kvert inflasjon i uttrykket «Excusez-moi, parlez vous anglais? No? Au revoir.»

Eg fann til slutt ein som nokke motvillig kunne fortelle at den var plassert i eit svært så staselig nabolag på Boulevard Opera.


Turen endte med å vere ein kjempeskuff ettersom utvalget av turkis Macbookdeksel til Cathi og kul skulderveske til meg var heller labert. Vårt reisefølge hadde på dette tidspunktet klokelig forskansa seg i leiligheta, og i god gang med å lade batteria og drikke seg gøye til til kveldens middag, mens eg og Cathi vandra kvilelaust rundt i byens endelause katakomber nede i metroen. Men plutselig dukka det opp eit aldri så lite lyspunkt.


Vel, vel. Paristurens siste middagsmøte er i emning, og skulle vise seg å finne sted på den einaste restauranten vi blei fraråda å ete på (unnskyld igjen Leon). Men ka kan eg sei, den var i fryktelig praktisk gåavstand, og maten var strengt tatt ganske god.

Her fekk Brage endelig sin etterlengta foie gras som forrett, og den smakte fantastisk. Jentene var skikkelig modige og bestilte nokke kjøtt som var rått, mens eg og Brage safa med stekt andebryst. Stemninga var topp, og promillenivået akkurat passe, og middagsmøtet blei effektivt avslutta med at Siri ønska kelneren ein hyggelig kveld på tullefransk.




mandag 2. april 2012

Jus de Sochette


Time is short, så for å unngå å havne i tidsklemma, og dermed glømme det faktum at vi er på ferie for å ha det gøy, gjør vi eit forsøk på å legge ein plan for dagen. Vi har kun begrensa med tid sammen med Leon. Han skal til Norge på prøvejobbing og jobbintervju i morra, så today is the big day. Vår vert har bestilt bord for seks på ein kliss ekte parisisk stjernerestaurant, «Ze kitchen gallerie». Her vi kan vente oss massevis med rettar, nokke som blir å regne for dagens klimaks.


Leon snekra sammen ei rute som skulle gi oss makismalt av Paris, der første stoppested var ei sjarmerande gate som både inneholdt både slakteren og favorittbakeriet til Leon.


Eg såg mitt snitt til å kjøpe meir av dei deilige bollane og gjorde mitt ytterste for å gjøre bestillingen på fransk. Dette gjorde meg kjempestressa, førte til ein aldri så liten kortslutning, og endte med at eg tok meg i å snakke tysk.


- "Bonjour ja. Øhm, altså. Diese und diese und.."


Dama bak disken var kjempehyggelig og spurte pent om eg ikkje kunne snakke engelsk i stedet, nokke som gikk litt bedre.



Frukosten blei konsumert i parken ved Eiffeltårnet, og eg følte meg skikkelig fransk.



Turen gikk så videre til mannebutikken. Tre etasjar med sterke alkoholholdige substansar i alle formar og størrelsar. Her var det duka for lukting (og sikkert smaking om vi hadde spurt), og generell sikling på at som er gøy og godt. Brage var unge i leikebutikk og strålte som om det var julaften og alle dei andre gøye dagane på èin gang.


Han og Leon synsa, meinte og diskuterte, og eg tok bilder. Eg lukta litt òg.





Brage kjøpte sprit på reagensrør til pappa Lasse, og gleden var stor då butikkmannen kom dinglande opp frå kjelleren med ein samleboks med fire historiske skotske øl, der alle hadde kule gæliske navn. Vi kjøpte kvert vårt eksemplar og kryssa alle ledd for at dei skulle overleve flyturen heim.



Vidare gjekk vi forbi obligatoriske Notre Dame, før vi dumpa bort to skikkelig dyktige jazzmusikarar. Dei imponerte stort og eg fekk streng beskjed av Siri om å gi dei pengar sida eg hadde tatt bilder av dei. Eg sa meg enig, og ga dei småmyntane eg hadde på meg.




Neste måltid blei konsumert i eit såkalla creperie som serverer pannekaker med diverse fyll. Leon observerte at det var lite folk der inne, og kunne informere om at det er eit dårlig tegn i Paris. «Dei gode stedene har kø» messa Leon. Vi gikk inn likevel. Inne lukta det kloakk, men det blei vi klar over først etter vi hadde bestilt.


Klokka er begynt å tikke, og dagens stjernemiddag er i emning. Dette gjør at vi må sette opp farta, og beslutninga om meir bruk av metro blir fatta. Vi hastar av garde til Louvre, eit gigantomontoschwært museum som gikk utover einkver fatteevne. Bygget var enormt, og kan på ingen måte gjengis på bilder, men eg har gjort eit forsøk.



Leon kunne entusiastisk fortelle om Napoleons hær som marsjerte triumferende i dette området, og sightseeingen blei passande nok avslutta på toppen av Arc de Triumph på toppen av Champs Elysèe, der eg fekk mine etterlengta panoramabilder over byen.


Champagneflaske type magnum blei spretta anledning middagen og fungerte dermed som oppvarming. Brage hadde gått og trippa heile dagen i påvente av dagens avslutning, og har tatt på seg den nye skjorta si. Det herska generell enighet om at den var flott og kledde personligheten hans.


Stemninga på restauranten var ein heilt anna enn ein kanskje forestiller seg gourmet-restaurantar er. Den var ganske casual, og stemninga blei satt i det kelneren vår blei proklamert som homofil med påfølgande jokkebevegelsar av det resterande personalet. Servicen var spesiell, men maten var som venta fantastisk god.


Eg er ikkje i stand til å gjengi ordrett det vi fekk servert men eg kan meddele at alt var skikkelig godt. Vi blei servert ein sjuretters middag, der kver rett var et kunstverk. Suppa viste seg å vere den beste eg har smakt i heile mitt liv, og eg lærte også at makrell kan tilberedast på andre måtar enn mjøl og steikepanne. For komplett anmeldelse av måltidet føler eg det er tryggast å henvise til Leon sin matblogg http://leonknapskog.wordpress.com/.








Nommenom.


Det har etter kvert gått opp for meg at det ikkje er populært med svart kaffi i dette landet. Men for ukultiverte nordmenn er dette ein obligatorisk drikk etter måltid, og Leon bestilte dermed Jue de sochette. Dette var svært underholdande for dei spøkefulle kelnarane ettersom det betyr nokke sånt som sokkejus. Men eg syns det smakte kaffi.


Cathi fekk etter middagen god kontakt med restaurantsjefen sjølv, og mens Leon og Karina viste meg den gamle bustaden til Picasso, fekk dei tre som var igjen på restauranten ordna ein signert utgave av boka hans. Den var mynta som ein gave til Leon, og blei mottatt med stor glede.


Etter å ha stått i taxi-kø for nokke som virka ein evighet, gikk det plutselig opp for oss at vi ikkje stod i taxi-kø i det heile tatt. Vi hadde rett og slett oversett taxiskiltet, og for ikkje å nevne den evig lange rada med bilar som stod og venta på oss på andre sida av hjørnet.


Kvelden er i ferd med å nærme seg slutten og blir runda av med obligatorisk champagne og andre alkoholholdige drikker. Leon tar det derimot litt med ro ettersom det ventar prøvejobbing heime i Norge i morra. I den anledning har han funne ut at at det tar seg bedre ut å troppe opp med nystrøket jobbantrekk, og riggar seg strategisk til midt i stua og gjør ein skikkelig manneinnsats med strykejernet. Dette fungerar akkurat som planlagt, og endar med at ein av dei kvinnelige tilskuerane fullførar jobben. Godt jobba Leon, og god tur.





søndag 1. april 2012

Paris er topp

Her er det sommer. Fantastisk vær og middelhavtemperatur. Og med middelhavstemperaturen kommer det tvilsomme moralske kompasset. I ankomsthallen blei vi møtt av en hyggelig mann som ville hjelpe oss med taxi. Nede. Under bygget. I kjelleren.


Vi takka sjølvsagt ja, og endte opp med å betale dobbelt så mykje som Leon hadde stipulert.



Men fram kom vi, og taxien stoppa ikkje før vi stod framfor ei STOR grønn dør, der vi gjorde som instruert; trykke på ringeknappen merka Le Chef.


Leon bur som konge på ambassaderesidensen midt i posh-området, sammen med sin kjære. Vi blei geleida inn den store grønne døra og inn i en middelhavsinspirert bakgård, dekorert med palmar og skulpturar, og vitnar fint lite om å faktisk vere en bakgård.

Som Leon så fint formulerte det; slavery gets things done.


Vel inne fekk vi servert sånne franske bolleting med rosiner og sjokolade, som for øvrig eg forelska meg fullstendig i. Med dei ferdig konsumert gjekk turen innom eit apotek for å kjøpe franske jage-vekk-sjuka-tabletta til Cathi, før kursen blei lagt mot ein matplass som skulle vere billig og bra. Å finne fram skulle vise seg å vere krevande, men med litt kollektivt lagspill viste dette seg å gå heilt fint.


Stedet var sjarmerande, med ein sånn manuell tranchere (?), ei maskin som skjærer opp kjøtt, som stod midt i rommet til full beskuelse. Leon valgte forrett med omhu, og entusiasmen var stor då innehaveren satte i gang å skjære opp kjøtt midt i det lille lokalet. Innehaveren var et kapittel for seg sjøl, og kan beskrivast som en sjarmerande gammal italiener med verdens største utringning.


Det store aberet for kveldet var at lokalet viste seg å vere konvertert frå fransk til italiensk cuisine, nokke som førte til skuffelse for dei fleste. Cathi, Siri og Leon gomla på deigklumpar, mens Brage fekk ein fisk han meinte han ikkje hadde bestilt (menyen var på fransk). Eg og Karina var heldige nok til å velge det einaste på menyen som var godt, og kunne fråtse ihhv. lasagne og Sirloin steak.


Som avslutning for kvelden hadde Leon tenkt å overraske oss med ein tur til Eiffeltårnet by night. Det var eit imponerande skue, og for å toppe det heile har eit klokt hode klekt ut ein plan om å gjøre tårnet om til eit diskotek klokka sju, ti og tolv om kvelden. Det var stilig nok det, men det ga meg litt Elton John-vibbar.


Alt i alt ein super kveld som blei avslutta med whiskey, der Brage prøvde å overbevise oss om at tallsystemet i Danmark er kjempelogisk.