fredag 30. mars 2012

Bon voyage

Nesten to år er gått sida sist vi tok oss råd til ein ferie, så no er det sannelig på tide. Denne gangen går turen sørover til Europas kunsteriske og gastronomiske sentrum - Paris. Turen kan vi takke vårt reisefølge Brage og Siri for, ettersom sistnevntes mor klarte å fiske opp tur-returbillettar til latterlige prisar.


Målet for reisa er vår felles kokkevenn Leon, som for tida er busatt midt på Champs-Elysèe i hjertet av Paris, og skal derfor bistå med husrom, og samtidig fungere som ein kulinarisk guide for turen. Denne komboen gjorde plutselig turen svært så overkommelig, sjølv for skrapa studentlommebøker, så alt ligger til rette for ein fantastisk og ikkje minst etterlengta tur til Paris.



Ettersom eg og Cathi holder hus i Bergen, og vårt reisefølge er i Florø, er planen å foreta eit rendezvous på Gardermoen ein gang før flyet går. Planen er at eg og Cathi skal ankomme med natt-tog, der vi har vore så dristige at vi ikkje har bestilt sovekupé. Men med Cathi sitt eminente sovehjerte, regnar vi med at det ikkje blir nokke problem. Så då var vi av garde. Juhu.